amfi.png

Healinghuset

Bjørkedalseidet 85

retreat - sjelehenting- kurs - healing - trommehealing - spirituell B&B
Et rom med utsikt

Et rom med utsikt

Frå vinterhagen kan du forstå mykje. Omkring ro, det vakre og om tida og materien.

5 soverom, 9 pluss 2 senger

5 soverom, 9 pluss 2 senger

På dei fleste retreata prøver vi å vere så små grupper at du får ditt eige soverom. Tid for seg sjølv er ein ressurs i dag.

Bjørkedalen, ein kraftstad utan like

Bjørkedalen, ein kraftstad utan like

Bjørkedalen er ein spesiell stad. Vakker med fjella som omkransar Bjørkedalsvatnet. Men også ein stad med djupe krefter. Fjella omkring dalen har namn etter Tor og Frøya. Det var ikkje vanleg å gje fjell gudenamn. På Felden, høgste fjellet er det funne eit gammalt steinhus med rester etter hår og negler frå menneske. Og i Laurdalen er det eit alveland og genuin fred og ro.

Båtbyggjartradisjonar

Båtbyggjartradisjonar

Då eg vaks opp vart det bygd trebåtar på kvar gard. Eg sat timesvis med bestefar min i lukta av ferske høvelspon og tjære. Bjørkedalen er sett ikkje berre på Noregskartet men på verdskartet med kulturarven vår og bygginga av vikingskipkopiar. Snorre Sturlason nemnde Bjørkedalen og Bjørkedalsmyrane der tre vart til stein. Mellom anna Eirik Raude brukte Bjørkedalen til tilflukstsstad på grunn av utilgjengeleg landskap og kontakter her. Vi, vi skal skal lære om kraft, makt og kjærleik.

Peiskos i HealingHuset

Peiskos i HealingHuset

Healinghuset er eit hus som er skapt for å berre sitje, berre vere, kome i kontakt med krefter og med sin eigen vesle eld som skal vaktast og vernast.

Trommereiser og sjelehenting

Somme deler av sjamanistisk arbeide treng ro og avstand.  HealingHuset er ein god stad for djupt trancearbeid

Hald elden levande

Meditasjon, healing og sjamanistiske teknikkar for å halde integritet og kraft på plass i draumekroppen.  Retreat eller eit kurs er eit viktig steg til å kome på plass i den du er. Utan kunnskapar famlar vi.

...eller berre tid åleine

Retreat kjenner vi frå yoga.  Alle verdsreligionane eig alle spesielle stader for kontemplasjon.  I Europa var klostera slike retreat på livstid.

 

Du treng ikkje trekkje deg attende frå livet sjølv om du unner deg eit døgn eller to i stille med deg sjølv og med intensjonen om å utvide medvitet ditt.

Eit retreat burde vere ein naturleg del av dagleglivet.  Vi søkjer ut i naturen eller på hytta, men sinnet vårt er altfor oppteke av opplevingar.  Til HealingHuset reiser du med intensjonen om å berre vere.  Avsondra frå alt for å hente attende søndagsstilla som vi har mista.

Førebyggjande arbeid er betre enn kriser.  Ofte ventar vi til livet har toppa seg med å søkje til healing og meditasjon.  Det som er bra er at healing og meditasjon uansett verkar i alle deler av livet.  Det skadar likevel ikkje å innarbeide ein god praksis for indre harmoni og ro i gode tider.

HealingHuset.jpeg

Retreat

Kurssenter

Å skape eit heilagt rom skaper healing