
GLEDE HEALING

Gleda ved å heale
Gleda ved å heale er ei drivkraft i meg. Eg trur det er den same krafta som gjer at naturen utstrøymer glede ved å heale. Ved det vi opplever som harmoni og det vakre, liv og helse. Mange ganger har eg tenkt at det er forfattar eg er. No forstår eg omsider at eg kan vere både sjaman, healer og forfattar, og at det er vårt samfunn som gjer at vi treng overskrifter, ikkje naturen. Men for deg som søkjer meg er eg glede, eg er her for å skape deg til den du er. Hente fram blåkopien, diamanten, helsa di og gleda i livet.
Eg har tredve års arbeidserfaring som healer og sjaman, enorm kunnskapstørst i lag med medfødde evner.
Og viktigast av alt, etter over 10 000 menneskemøte som healer er eg framleis spent som ein unge på å møte kvart nytt menneske. Det genuine i kvar av oss gjev meg berre meir og meir ærefrykt.
Alt kan healast
Det har støtt vore ein merkestein for meg å avmystifisere, å lette på slør og å forstå ting med logikken såvel som at ein forstår kor lite ein veit.
Sjamanen var verdas første vitskapsmann, seist det. Eg ser at denne tilnærminga har kome meir og meir fram, og at vitskap og det som før vart bortfeia som tru og overtru no kan bli brukt av folk flest. Meditasjon, ja jamvel mirakel og hjernen sin evne til å vere ein aktiv medskapar, og jamvel utføre det vi trudde var uråd, er sann glede for meg. Intuisjon, telepati og kjærleik er sterke medisinkjelder.


Samhandle
Initiert av Pa Sowe, tildelt Isogaisas sjamanstipend av Ailo Gaup. Årelange studiar under Michael Harner og Sandra Ingerman, Institute of Shamanic Medicine. Spirit hjelparar og lærarar

Som ein av dei fyrste nordmenn dro eg til England og tok fleire kurs under den no så verdskjende healeren Eric Pearl

Ved siden av mestergrad i Reiki, studier i Yoga, mindfulness ig tao over tredve år.
Esoteriske studier i Kabbalah, den gule keisers klassiker, et kursus i Mirakler og to års lære i Esoterisk Psykologi


Forfattar
Forfattar av fire romanar. I tillegg vunne prisar for essay og vore medforfattar i antologiar
Medlem Den Norske Forfatterforening

Utdanning journalistikk
MRDH VOLDA 2-årig utdannelse i Media og kommunikasjon
Nordisk Mellomfag
Historie Grunnfag
Ex Phil

Mi største læring er det å ha tilgang til ei kjelde. Til meistrar som har vore her før meg, til tankar som er tenkte, til kunnskapar som er der for å delast.
Transpersonlig Psykologi
Studier under Stanisalv Grof. MD, PhD
Gjennom The Shift Network studiar med Stanisalv Grof.
-
Modern Consciousness Research & the Understanding of Art
-
The Use of Archetypal Astrology in Psychedelic Therapy & Holotropic Breathwork
-
Revision & Re-enchantment of Psychology: Legacy of Half a Century