motiverande 

lesing

Name
Last Updated
Views
Favorites
Contributors
love is.png

linkar 

Loving is sharing

At andre får del i kunnskap og kan heale seg sjølv er min største draum.  Den dagen eg vert arbeidslaus som healer, kan eg skrive romanar og sjå at folk nyt meditasjon og sine eigne uendelege evner.  LIkevel treng vi alltid kvarandre.  Samfunn og sjelemøte kan ikkje erstattast av å vere sjølvhjelpt, verken for deg elelr meg. Vi treng også sjamanar.  Spesielt i dag.  Så eg er her.

Meditasjon er ein viktig del av vegen.  Det er ikkje slik at vi berre kan ta inn ny kunnskap ved lesing og intellekt, eller ved å få den som eit møte med ein sjaman eller ved mirakel, nåde og spirits sjølv om alle desse vegane til kunnskap finst og ikkje skal underslåast.  Likevel er det slik at utviding av medvitet og intuitiv kunnskap og kontakt med sppirits og englar treng at vi trenar sinnet, akkurat slik vi treng å trene andre musklar.  Meditasjon er ei førebuing til spirituelt arbeid, ein del av spirituelt arbeid og ein veg for å utvide og trene opp mentalitet, psyke, helse og evna til kunnskap større enn oss sjølve, større enn delane, større enn summen av delane. Namaste