Blokkeringar, er dei meir hyppige hjå hypersensitive?

Ja. Definitivt ja. Dette er ein av fordelane og ein av bakdelane med å vere hypersensitiv. Som med alt anna i naturen er også blokkeringar eit tosidig sverd.

Vel vi å berre sjå det negative i blokkeringar, er det eit herk.

Hypersensitive har mykje større risk til å utvikle sjukdomar, mentale lidingar og ubalansar i personlegdom enn meir trauste jordarbeidarar.


HealingHuset I Bjørkedalen. Retreat.


Blokkeringar, eit moteord. Kva er dei?

Innafor tradisjonell medisin og direkte adoptert inn i det alternative, vert blokkeringar sett på som negative og noko som skal fjernast.

Sjamanen spør. Kva er ei blokkering, og kvifor oppstår den?


Blokkeringar oppstår når informasjonen vert så overveldande at vi stenger av.

Blokkeringar i kroppen kan vere det som vert kalla fysiske eller psykiske. Men igjen, for sjamanen er der ikkje forskjell på desse to.

Blokkeringar er informasjon som ikkje kan analyserast i situasjonen. Ved traume, sjokk eller stress, lagrar kroppen informasjon den ikkje greier å sortere.

Dette er jo eigentleg fantastisk.




Først når informasjonen er henta ut, kan den gå til forbrenning. Kroppen eig eit eige sirkulasjonssystem. Nøkkelen er å spele på lag. Å bruke naturen, å lese naturen. Sjamanens bål er meir enn eld, og eld er meir enn eld



Blokkeringar er som eit bibliotek fullt av erfaringar ein kan ta fram og kikke på i fred og ro når ein føler seg klar og roleg.

Dette er også grunnen til at kroppen har ein tendens til å løyse opp blokkeringar når ein går på høgare frekvensar, og så får ein denne følelsen av at det er livet som spelar ein eit puss kvar gong ein trudde alt var greitt, når det eigentleg berre er livets hjul som frigjer informasjon ein er klar til å bearbeide, ofte også i form av mønster og hendingar som gjentek seg i livet.

Vit at ved slike gjentekne mønster kjem dei opp att til overflata avdi du nettopp no er på ein frekvens der du kan gå inn i det som tradisjonell medisin og psykiatri kallar prosessarbeide men som sjamanen kallar skulen eller recovery.


Blokkeringar inneheld nyttig informasjon

Når ei blokkering har gjeve frå seg all informasjon og visdomen i den er motteken, anten til draumekroppen eller den medvitne kroppen, kan den bli oppløyst og kroppen rensar den ut på eiga hand.

Vi kan og hjelpe til med avgifting med å ete mat som rensar og å faste eller bruke aktivt kol for eksempel.


Kroppen lagrar informasjon i karbon, i musklar, bein, i blod, i DNA og i sporstoff og metall og mineral. Kroppen kommuniserer ut desse blokkeringane som ein magnet for å vise omverda at den skal gå inn og pushe oss på plass. Så når vi opplever motgang er det faktisk ein slags informasjon om at vi har svake punkt som vi kan gå inn og hente ut informasjon i.

At det er enkelt har eg aldri sagt, men det er den einaste vegen vi har.

Sjamanen sitt arbeide er å lære seg desse vegane, først i seg sjølv, også ved å stele andre sin karma ved at ein tek inn andre, ber andre si smerte og også tek inn smerte i kroppen. Men mnålet for den med sjamanens kropp er å kome dit at ein sorterer kva som tilhøyrer ein sjølv og andre, beheld det store empatiske feltet og kan gå inn og ordne opp for andre slik at dei sjølve kan gå stega sine.


Glede og lyst, kjærleik og kommunikasjon. Måtte den flyte fritt mellom oss. Anne








6 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Empress