Fem myntar

Kanalisering av Anne Bjørkedal

Myntar står for jord, og fem i kabbalah og også i austleg filosofi er eit kort for den energien som har ein fri radikal på en måte. Det står for krefter som bevegar seg i kaosenergi. Det er lett å tenkje at vi må ha kontroll og at kaos er farleg.

Det er også viktig å hugse at alt er bevegelse. Dissolve et coagula sa alkymistane, løyse opp og setje saman att. Og dersom vi motarbeider naturen eller er redde for dette lyset som ein snakkar om på høge frekvensar, kan vi lett miste røyndomen.


Når fem av myntar kjem opp i tider med kaos og usikkerheit, er det der for å minne oss om desse to menneska som lever i eit slags martyrium avdi dei ikkje tek imot det som kirka, i tarot kan vi lese henne som samfunnet og fellesskapet og det spirituelle, har å by på.

Det er jo lett å gjere seg til prest med dette kortet og fortelje andre at ein skal vere modig og våge å stole på tru og håp. Men det er nett det som kortet minner oss alle på, og om ikkje å vere dum som desse to som knyter seg til fem og blir ein del av energien fem på dette viset. (Å byggje røyndomar og mirakel treng eit elektron til, kan ein seie, som i talet seks i numerologien - talet for regnbogar og tru.)


Kortet fem av myntar fortel også om solidaritet. I tider med naud støttar vi kvarandre. Eg har sett uteliggjarar dele den siste sigaretten i to, og eg har møtt menneske som har opplevd naud og som har vorte dårlege menneske når rikdomen seinare har kome til dei. Så la oss hugse at solidaritet skal gjelde i medgang og i motgang og at fellesskapet er det som skaper kyrkja eller samfunnet. Når tidene er som verst er der i alle fall lærdom å hente ut. Og det er ikkje for at vi skal lære, at vi opplever tøffe ting. Det ville likevel vere for dumt når tøffe ting skjer at vi i alle fall ikkje nyttar hendingar til refleksjon og til endring.

Eg kan jo ikkje la vere å undre meg på samanhangen mellom tida vi opplever og dette kortet, og det faktum at vi no må unngå å samle oss i store grupper gjer at vi verkeleg får kjenne på kjensla av å vandre i kulden åleine. Så kom eg på kor mange vakre meldingar som blir sendt mellom menneske kvar dag på nettet. Og ikkje berre i tider som no. Det er lett å gløyme alle hjerta som vert posta uansett ver og vind.



36 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Empress