Knekt av beger

Kanalisering av Anne Bjørkedal


Mange tolkar hoffkorta som personar i livet ditt. Det kan det sjølvsagt også symbolisere, og ikkje berre hoffkorta, sidan vi støtt kjem opp i situasjonar med andre menneske.

I utgangspunktet symboliserer hoffkorta til liks med dei frå den store arkana (dei 22 frekvensane) og talkorta i tarot, nettopp berre ein frekvens, ei stemning.


Der talkorta 1-10 klarare er linka til matematikken og livets hjul, er hoffkorta sterkare linka opp mot stemningar og kjensler og arketypiske psykologiske stadier i møtet vårt med livets hjul.

Knektane er den mannlege eller agerande energien, og der kongane er vaksne og fulle av kunnskapar og gjerne stansar opp før handling, er knektane den ungdommelege og utprøvande energien med meir mot enn vit.

Ingen er bedre enn den andre, dei reflekterer berre stadia i observasjonen av fenomen.

Vatnenergien i lag med knektane sin energi, fører ofte til overdriven optimisme eller overdrive mismot.

Knekten av beger er på nokre tarotdekk teikna inn som ein som sit fanga i sitt eige spegelbilete djupt nede i overflata på eit beger - som han held mot munnen for å døyve kjensler.



Filmen Knight og Cups av Terrence Malick er ein film som passar til namnet, med spørsmål om kjærleik og meining, stream of consciousness filming, hyppige klipp slik tankane våre flyt over frå den eine scena til den andre.

50 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Empress