Kongen av beger

Kanalisering av Anne Bjørkedal

Å meistre energiar og straumar er hoffkorta si påminning til oss menneske. Kongen av beger er den som meistrar vatn som energi. Og på den mannlige eller handlande aksen.

Handlekraft eller yang energi, betyr også sinne, vilje og begjær, og det å meistre denne energien i elementet vatn som er kjensler og flyt, er det kongen av beger skal minne oss om.


I dagar med stress og låge frekvensar som frykt og hat omkring oss, lærer og minner kongen av beger oss om verdien av å rense ut, av å skape reint vatn, stille vatn, å balansere kjensler og å la slaggstoff få rense ut.

Kongen av vatn meistrar tunge kjensler som depresjon og greier å ekstrahere meininga med å vere nedtrykt

Balanse og flyt i det same.

Kongen av beger eller vatn er også glede, sidan begerkorta er linka til hjerte og kjærleik, regnbogar, naivitet, tru og håp og å få draumar til å verte sanne. Mirakelsinn og "the Secret" er esoteriske vitskapar som er avhengige av at vi meistrar frekvensen som kongen av beger er her for å lære oss.


Så om du har ein besetta dag i dag, med tøffe energiar, mediter på kongen av vatn, på havet, på båtar, på samarbeid for å få båten trygt i land, på å vere i synkronitet med andre og å stole på andre, samstundes som vi observerer og rensar ut det vi ikkje treng.


44 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Empress