Sjamanen som arketyp

For å gå inn på kva som karakteriserer sjamanen, må vi først gå gjennom kven sjamanen har vore gjennom tidene, i forskjellige kulturar.

I alle verdsdeler finn vi spor etter sjamanistiske kulturar, og desse har svært mange fellestrekk, og også mange særmerke, slike som kjenneteiknar myter og folklore.

Ordet sjaman stammar frå Sibir, og tyder ein som veit eller ein som kjenner vegen. Med fornya interesse for sjamanistisk kultur i sosialantropologi, arkeologi, psykiatri og religionsvitskap, har også interessa blant folk flest vorte vekt.


Kva er det så sjamanen gjer, og kven er denne mystiske personen?

Det som er felles i alt sjamanistisk arbeid, er at sjamanen går på ulike former for trancer eller ekstatiske tilstandar.

Her bruker sjamanen ofte dans, trommer, andre instrument, meditasjonsteknikkar og også psykedeliske og narkotiske stoff frå naturen. ( Eg frårådar bruk av alle typer stimuli i form av psykedelika. Røykelse og te av forskjellige vanlege urter er meir enn nok i lag med meditasjon eller trommer).

I desse trancetilstandane kan sjamanen kome i kontakt med ånder, med spiriten eller intelligensen i alt som er, levande og avdøde men også ånder som ikkje er eller har vore i menneskelege kroppar, dyr, tre, ja jamvel stein og fjell, gras og blomar har ei slik ånd.

Kommunikasjon er derfor ein fellesnemnar, trance er ein annan. Prøving og feiling for å finne metodar til healing, til å finne mat, til å finne vegen og til å få medgang.

Sjamanisme er praktisk retta forsking.

Sjamanisme er ingen religion, men religionane spring alle ut av sjamanistisk praksis.

Sjamanen er ikkje ute etter å finne Gud, for sjamanen er Gud i alt, og sjamanen si rolle er å vere ein kanal, ein tolk og ein som kommuniserer og formidlar.



Kva kjenneteiknar så desse som verkar som sjamanar?


Eg trur at mange av dei som i dag sit innesperra i fengsel og på psykiatriske institusjonar har sjamanen som arketyp.

Det psykiatrien i dag prøver å medisinere bort, vart i tidlegare kulturar teke vare på. Sjamanen kunne best brukast til sjamanistisk arbeide, andre var flinkast til å vere vegvisar eller til å sanse kvar viltet var, til å skape ting med hendene eller til omsorg.

Sjamanisme spring ut frå den tida vi var jegerar og samlarar, menneska levde i flokkar, og ein var avhengig av at alle ytte sin skjerv, og at alle gjorde det dei var best til.

Her var ikkje plass til hierarki, og heller ikkje til konkurranse. Den kom til etter at menneska vart bufaste og etter at makt vart ei kappe ein ynskte å kle seg i.

Like fullt ser vi at sjamanen ofte har laga ein ring av mystikk omkring seg sjølv. Hytta eller teltet hans eller hennar var gjerne i utkanten, dei omga seg med bein og andre ting fordi dei ikkje skulle forstyrast utan at det var nødvendig. Det teatralske spelar og ei viktig rolle.


Sjamanen skaper ein felles plattform i klanen

Samtidig var sjamanen historieforteljaren. Den som samla klanen omkring leirbålet, fortalde historiene som samla ein og mytane som skapte den felles forståinga som gjer eit samfunn til eit samfunn. Sjamanen er ein slags leiar, men ikkje ein som ynskjer å leie menneske i det daglege. Sjamanen vert derfor ofte misforstått, ein vert oppfatta som ein leiartype, men ynskjer ikkje makt. Ofte kjem ein difor opp i konflikter med maktmenneske.


Sjamanen treng eit samfunn

Eit samfunn kan eksistere utan ein sjaman, men sjamanen kan ikkje eksistere utan eit samfunn.

Ein yogi kan eksistere utan eit samfunn, ein sjaman kan det ikkje.

Sjamanen er djupt integrert i samfunnet eller klanen. Å vere til nytte, å ha ei oppgåve er det som er det største kallet i oss som vandrar omkring med sjamanen som arketyp.

Andre atributtar er slike ting som ekstrem sensitivitet.

Ofte vert denne til hinder, vi seier at personen er altfor følsom eller ein empat. Men i realiteten er det jo berre ei utruleg skarp parabolantenne vi er utstyrte med


Sjamanen er var

Sjamanen er sjarmerande og i neste stunda har han eller ho trekt eg tilbake, noko som gjer at menneske kan verte usikre på kvar dei har oss. I dagens samfunn får sjamanen ofte autoimmune sjukdomar, stress og smerter. Å heile tida vere alert, å ta inn alt og alle og å vere ein kanal, samtidig som verda opnar seg opp og vi blir bombarderte med inntrykk, gjer at sjamanen stadig blir diagnostisert og føler seg til liten nytte.



Shapeshifter

Sjamanen er som ein kameleon, vi skiftar heile tida etter kvar vi er, vi les menneske og tilpassar oss mest som ein kameleon eller somme botnfiskar. Oppgåva vert å kjenne forma si, å halde på den ein er, medan ein skiftar. Å prøve å vere uforanderleg gjer ein berre alert og eller forskjellege tistandar av mani.


Sjamanen går på trancer

Han eller ho kan bli fråverande, skjøglar ofte, ser ting ingen andre ser ,opplever verda annleis. Sjamanen kjenner seg ofte utanfor, og arketypen tilseier at sjamanen skal finne si rolle i utkanten av sirkelen og somme tider vere den som held sirkelen saman. Dette skaper ei litt uvanleg mennesketype.



Første vitskapsmann

Nysgjerrig, endå meir nysgjerrig. Alltid på veg vidare, entrepenørskap og alt som kan gjere verda enklare og betre. Samtidig tek sjamanen inn andre og deira tanker, låner og set saman på nytt. Ein elektrikar, ein mekaniker, ein intellektuell forskar og samtidig ein som heile tida stiller nye sørsmål og er villig til å viske ut alt han eller ho trudde på og starte på nytt. Denne iveren er kanskje kallet eller sjamanen eld.


Høgt ego

Det må ein vel ha. Å kjenne denne stoltheita over at ein er kalla til noko. Denne stoltheita kan sjølvsagt føre oss ut på ville vegar. Forhåpentlegvis gjev den også læring og vokster.


Magiker

Sjamanen har ei eiga evne til å halde fast, få draumar til å verte sanne, skape magi, skape materie. Basksida av dette er at om ein ikkje lærer seg å bruke evnene, kan frykt styre ein inn i mani og det ein kallar psykosar. Samstundes er det denne evna ein bruker til magisk arbeide.

Sjamanen er ein som trur og ein som veit, ein som skaper mirakel eller ein innful stabeis av ein surpomp. Det er ditt og mitt val kva og kven vi vil vere, og kva vi vil bruke evnene til.

Eg bruker å seie at å vere fødd med sjamanen som arketyp er som å vere ein fireåring som har fått ei black og decker verktøykasse, og sjølv om fireåringen kunne lese var der uansett inga bruksanvisning med.

Gå med respekt, gå forsiktig. Ha respekt for den du er, og for kva du har fått tildelt. Og hent informasjon der du kan. Du treng ikkje allitd finne opp hjulet på nytt sjølv om sjamanen helst vil gjere alt på sin måte.






Særleg etter nybrotsarbeidet til slike som Felicitas Goodman og Michael Harner, Mircea Eliade og fleire og fleire vitskapsmenn, har interessa for sjamanisme vakse. Innafor psykiatrien er metodar frå sjamanistisk praksis stadig meir integrert

I dette nummeret av Ottar kan du lese meir om sjamanisme

19 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Empress