

Å vere heil er helse
Sjelehenting er ein praksis ein finn på forskjellige vis i alle sjamanistiske kulturar, til alle tider. Ordet sjel er eit vakkert ord, og her er det rett å bruke det for å skilje mellom det vi hentar inn frå draumekroppen, og lysmateriale som vi eig saman med andre sjeler. Somme tider opplever vi så store sjokk og traumer at vi ikkje kan gå vidare utan å lage ein kontrakt med oss sjølve. Kontrakten verkar logisk der, men den kan bli eit stopp i livet vårt, og det vi ikkje avklarer i dette livet, vert til stoff som andre sjeler tek på seg å løyse og forstå. Vi kan også bere med oss sjelestoff frå andre, og det er dette vi kallar karma eller tidlegare liv. Sjamanen fyl trådar frå kroppen og draumekroppen din og går ut der kontraktene kan dekodast og bli gjort om.
Den djupaste healing
Sjamanen dreg ut dit tankar ikkje når
Her mottek sjamanen situasjonen som har skapt kontrakten, og saman med draumekroppen din vert uheldige lås gjort til inkje.
Glede er rettesnora
Somme tider er healing av kropp og draumekropp ikkje nok. I tilfelle der vi ber med oss kontrakter vi ikkje eig minne av. Her går sjamanen bortafor dei trådar som bitt oss til livet her og no.
Universet og vi er ett, det same
Vi er skapte av det same stjernestøvet som fjella, som sola som vinden. Og slik alt minne finst i kvar vassdrope,, er ingen ting nokon gong tapt.
