top of page

Møt Anne

"Eg lever for å drøyme, og drøymer for å leve."

Eg er healer og eg er sjaman.  Eg er også forteljar, forfattar og ei som har utvida medvit og erfaring og mange nok menneskemøte til at eg kan vere til nytte for deg. 

 

​

 

Tarot og kabbalah har fylgt meg på vegen.  Til å hente inn blåkopien av den du er, kartet ditt.  Det er det eg likar best.

Kombinert med klarsyn og gåva det er å kunne gå inn i kroppen åt andre menneske og gjere endringar i lag med draumekroppen åt den som gjev meg denne tilliten.  Og i dette arbeidet, som kan foregå utan språk eller bilete, er det at djup healing og transformasjon finn stad. 

 

​

​

Anne Bjørkedal.png
sjamanen og vegen 2_edited.png

Sjamanisme som ein veg til betre og djupare livskvalitet

Drivkrafta mi er menneskemøta, læringa og det å oppdage kor stort og fantastisk kvart menneske er.  Og når vi kjem saman, kor mystisk og fullt av mirakel livet er.  Kjærleik er kommunikasjon.

​

Sjamanen kan ikkje eksistere utan eit samfunn.  Slik verda ser ut i dag, har denne trangen til å kome saman, å verke saman, blitt forsterka.  Som del i det sjamanistiske arbeidet mitt, har eg oppretta eit colivingsamfunn i Moritsgarden på Bjørkedalen

​

Å halde kurs og samlingar har vore ein stor del av det sjamanistiske arbeidet mitt.  Å dele, å oppleve saman, om enn berre for ei helg eller ei lita veke. Eg trur slike dropar i havet uansett skaper ringverknader.  Ein stad mellom 500 0g 600 menneske har gått på kurs hjå meg. 

 

Det er ved å dele kunnskap at vi skaper endringar, ikkje ved å gjere oss sjølve eller arbeidet vårt mystisk.  Slik skiljer sjamanisme seg frå religiøse og spirituelle tradisjonar der den klarsynte, presten eller mediumet vert ophøgd og mystisk. 

Då er det betre å heller vere introvert til tider.  Sjamanen er ein som likar å trekkje seg attende når sirkelen fungerer.

Etterpå kan gå inn i ringen og få alle til å dra i flokk og skape inspirasjon og å vere karismatisk når det trengst. Kjenner du deg i igjen? Mange er fødde med sjamanen som arketyp og strevar med å finne plassen sin.

Maktkampar, krefter ein anten misser eller som tek overhand i ein, konfliktskyheit, martyrisme. avhengigheit  og frykt er ofte biverknader.  La meg undervise deg frå der du og eg står i dag. 

bottom of page