top of page

Meditasjon og trance - arven frå sjamanisme finst i vaken draum.

Oppdatert: 6. nov. 2022

Vaken draum eller lucid dreaming er sjamanen sin viktigaste reiskap. Når vi drøymer i vaken tilstand, er høgre og venstre hjernehalvdel i kommunikasjon med kvarandre. Dermed er det tredje auge aktivert.

Alle former for meditasjon har det til felles at vi let medvitet vårt få tilgang inn i dei romma eller dei frekvensane der vi er når vi drøymer. Korvidt vi er medvitne og har medvite fokus, avgjer kva type trance eller meditasjon vi utfører. I sjamanismen er trance og kunnskapen om dei ulike trancane til ulike arbeid sjølve verktøykassa for å betre kommunisere med den intelligensen som er best eigna i kvart tilfelle


Eg lever for å drøyme, og drøymer for å leve, Anne Bjørkedal



Hieronymus Bosch (1840 - 1515) sine merkelege måleri . Sjølv om han måla i kyrkja og religionane si teneste, skildrar han hypnagoge tilstandar som kan forklarast anten som religiøst vås, psykologisk villelse, eller faktis eit utvida medvit som er ein del av menneska si hjerne.


Draum er utvida medvit, draumetida

Draumetida er ein vanleg brukt term for å skildre Aboriginane si oppfatning av røyndomen. I draumetida vart tida vår no skapt av tankane åt forfedrane. Her kunne ein kommunisere med ånda åt elvane, trea, dei avlidne og andre som lever i drøymetida. For aboriginane (Australia sitt opprinnelege folk) er draumetida røyndomen og hendingar i materien berre avspeglingar.

I draumane erfarer ein det totalt verkelege. Og ein snakkar saman om draumane sine som om ein har vore på ei reise i ein sterkare røyndom.


Spor etter mennneske daterer forskarar no 65 000 år attende i tid i Australia. New York Times


Lær å ta tilbake evna di til vaken draum

Anten formålet ditt er kreativitet, spiritualitet, psykologi eller tradisjonell religion. Evna til vaken draum er evna til å utvide medvitet medan vi er vakne. Genialitet og kontakt med elementa og din eigen draumekropp gjev deg balanse i livet. Ro og harmoni - erkjenninga av å høyre til er djupe psykologiske og healande effekter av å trene opp vaken draum.


Eg har samla nokre metodar frå min sjamanistiske praksis for å trene opp vaken draum. Eg har også hatt nytte av å studere hjå Claire Johnson, den fyrste i verda som har teke eit masterstudium i vaken draum. Like fullt er metodane du får her, metodar eg sjølv har utkrystallisert etter år med meditasjonspraksis frå ulike innfallsvinklar. Sjamanisme er jo nettopp dette, å finne det som kan gjentakast av fleire og som verkar på same måte kvar gong. Eg blir stadig meir overtydd om at alle idear vi har om vitskapleg metode, er rein praktisk sjamanisme.




Tre praksisar for å øve opp vaken draum

Vi drøymer jo røyndomen alltid. Det seier det nyaste av kvantefysikk.

La oss øve opp å ha merksemd på kva tid vi bruker høgre hjernehalvdel, og kva tid vi bruker venstre hjernehalvdel. Vi skal øve oss på å gå inn i vaken draum med venstre hjernehalvdel som gjest. Det praktiske, analyserande og stressa medvitet vårt skal få gå frå å vere logisk og analyserande til å bli ein observatør inn i den flytande, intuitive verda som vi tileignar høgre hjernehalvdel. I dette samarbeidet som foregår i hjernebarken, i amygdala, i det området som ein lobotomerte i si tid for å vere sikker på at ein ikkje ga merksemd til hallusinasjonar, er det vi skal ta tilbake kartet. Denne gongen med oss sjølve ved roret, ikkje indre forestillingar eller eigne demonar og traumer. Det er jo når ein fortrengjer at andre krefter får grobotn i oss.

Men ein god del konstruktiv galskap trengst. I Afrika feirar ein i somme samfunn tilsynekomsten av ein sjaman ved at dei går inn i det vi vil kalle szizofrene stadium. I motsetnad til i vår "opplyste" verd, står imidlertid klanen samla omkring den "utvalde". Slik er det ikkje hos oss, og det er derfor vi verken bør bruke hallusinogen eller prøve å opne opp før vi er klare til det.

Desse meditasjonsformene styrkjer oss til at vi opnar opp i det tempo som draumekroppen vår ynskjer.

Hemmelegheita er ikkje anna enn at høgre og venstre hjernehalvdel samarbeider, på same måte som høgre og venstre hand gjer det, sjølv om dei tilsynelatande er autonome og lever sine eigne avskjerma liv. Hjernebarken, ryggrada og spinalvæska er hemmelegheitene som kan forklare dette fysiologisk.



Praksis 1: integrere draumekroppen i den fysiske kroppen


Det som ofte vert gløymt i spirituelt og religiøst arbeid, er at det er i den biologiske kroppen at opplevinga av verda, av deg og dei andre, skjer. Å skulle gå ut av kroppen, er å stikke av. Stikke av frå smerte, frå ubehaget ved å vere lysvesen inkarnert i ein fysisk kropp som går på låge frekvensar medan ånda di bevegar seg med lyset si fart. Å halde fast og å ære livet, å ære oss sjølve som har fått i oppgåve å vere englevesen inkarnerte i fysiske kroppar, det er essensen i sjamanistisk spirituell forståing.


La oss setje i gang


Som i all meditasjon er pusten viktig. Pusten er ankeret ditt, og du bruker pusten til å halde konsentrasjonen om kroppen og det halvt verkelege, halvt uverkelege som omgjev deg. Observer pusten, og fokuser på overflodet av luft som strøymer inn i deg. Du blir pusta.

Bruk deretter teknikkar frå mindfulness og yoga nidra, som begge har djupe røter og står på skuldrane av sjamanisme.

Du kan også lytte til ein meditasjon eg har laga på soundcloud.



Draumekroppen er ei blanding og overlapping av det psykologane kallar det undermedvitne og religionane sitt ord sjel.

Undermedvit er forøvrig ei av psykologien sine mange språklege feiltolkingar som stenger dører som seinare vert vanskelegare å opne. Der finst ingen rom vi ikkje kan lære oss å gå inn i. Vi må berre lære oss å la venstre hjernehalvdel vere med inn som observatør og slutte å hoppe mellom sfærene som om dei ekskluderte kvarandre. Anne Bjørkedal.

Det er ikkje slik at du gjer ei øving ein gong, og ser englar og oppnår mirakel. Tenk deg at du er elev i fyrste klasse. Du får oppgåver å løyse. Formålet er ikkje at du skal finne nye sanningar i universet, formålet er at du skal trene og øve opp evnene dine. Etter kvart vil du kunne bruke det du erfarer og forstår til å bruke denne nye formen for intelligens. Å lære seg å observere, fokusere og å vere til stades i den fysiske kroppen er det fyrste trinnet, og eit trinn som vi vender attende til støtt i all meditasjon. Ved å utføre dette arbeidet vil du automatisk og over tid bli i stand til det vi kallar utvida medvit. Hjernen din og sinnet ditt kjenner seg trygg i den fysiske kroppen, vi vert vane med og kommuniserer med kjensler, vi går inn i traumer og hentar ut kunnskap slik at dei kan bli oppløyste. Traumer er jo berre lagra informasjon vi har samla opp og treng å ha med oss på ferd eit stykke på ferda vår.




Praksis 2: gå ut av kroppen, vaken draum

Eigentleg har du vore i vaken draum når du gjorde øvingane dine frå yoga nidra. Når du les dette, er du inne i ein draum, ei slag boble. Draum er det stoff røyndomen blir skapt av. I dette neste trinnet skal vi ta til å aktivt vere medskaparar i verda gjennom vaken, medviten og ansvarleg draum.


Nesten alt sjamanistisk arbeide dreier seg om å vere inne i det som elles blir rekna som grenser. Grensene mellom raudt og oransje i ein regnboge. Snø eller regn? Eskimoane har over 400 ord for snø. Lys eller mørke? Har vi gløymt at skumring er ein del av døgnet nett slik våren og hausten er årstider? Draum eller vaken? Sjamanen er vaken medan han eller ho drøymer, vaken og medviten. så enkelt, og så vanskeleg å hugse, så vanskeleg å konsentrere seg i dette landskapet.


Her får du nokre praktiske øvingar for fokus og for å integrere høgre og venstre hjernehalvdel:

  • Øv deg på å stirre på flammen i eit stearinlys. Først berre eitt minutt, deretter utvidar du tida gradvis. Legg merke til innsikter, set ord på dei i ditt stille sinn. Repeter.

  • Fokuser på eit punkt mellom augebrynene. La vere med å analysere eller tenkje at du skal opne 3. auge eller andre forhasta slutningar. Du skal berre fokusere inne i eit punkt, omtrent som musepeikaren på datamaskina di. Vere tilstades, øve deg på å ikkje hente inn ord eller bilete. Tenk gjerne at du sit inne i ein halvgjennomsiktig bordtennisball. Du kunne sett ut om du ville, men der er ingen grunn til det. Du sit berre og gjev merkesemd, ergo friksjon, ergo lys, til ein del av hjernen din.

  • Utvide vagusnerven sine vegar via nakken mellom kropp og hovud. Sukie Baxter viser det i denne youtube videoen enkelt og elegant.

  • Og til slutt eit eksempel på øvingar som aktivt opnar og endrar vegane i hjernen vår. Dette er imidlertid ei øving som berre tilbakestiller hjernen til sin opprinnelege funksjon. Det er verd å merke seg at øvingar som denne kan skape ein del ubehag og jamvel ubalansar. Grunnen er at vi har laga oss vegar i hjernen, neuroplastisitet kallar hjerneforskarane det, og desse vegane er det ikkje berre å utslette eller erstatte. Vi må gjere slikt arbeid skånsomt og la draumekroppen avgjere tempoet. Pass på at du ikkje overdriv, og gjer denne øvinga berre i tjue sekund i byrjinga:

Sjå for deg at augeepla dine er to bordtennisballar. Slå dei saman til ein ball i midten av hovudet, omtrent der vi seier det 3. auge er. Men la vere med å fokusere på tydingar eller forestillingar om det 3.auge. Ver inne i denne tenkte bordtennisballen, som musepeikaren på ei datamskin. Gjer den halvgjennomsiktig, senk skuldrane og kjenn at du ikkje treng å sjå ut, sjølv om du kunne, dersom du ville. Skap no ein tenkt plast-slange, ein kanal, frå området i det tredje auget, fyl skallen og endar i nakken på toppen av ryggrada. La bordtennisballen flytte seg inne i denne slangen, omtrent som bingokulene i røra på fjernsynet. No ligg du og flyt på toppen av spinalvæska inne i ein tenkt ball. Om ballen tek til å synke nedover i ryggrada, er det greitt,. Gje respekt og smil til kvar ryggvirvel nedover. Stopp opp dersom ballen stoppar, ikkje press, ikkje tenk, berre ver til stades, smil, respekt. Gå attende same vegen. Smil, respekt.
Denne øvinga er laga slik sjamanar støtt har laga meditasjonar. Vi bruker det kjende, det som er omkring oss. Plastslangar, bingokuler. Målet er å formidle og at andre skal gjenta slik at ein kan styrke evnene sine. Saman. Sjamanisme er samarbeid, kommunikasjon og praktisk


Sjamanisme er så enkelt, så naturleg at det vert vanskeleg. Å fokusere på det enkle, ei sky, pusten, ein kvist og å halde fokus er vegen inn til å viske ut grensene mellom ulike frekvensar. Vegen inn i det som blir kalla kaos, kvantesuppe eller den verkelege energien der ein både kan brigde naturen og gå på lag med den. Anne Bjørkedal. Foto: Elena Sørnes Drønnen

No er du klar til å gå ut av kroppen i den vakne draumen. Vi gjer det jo heile tida. Når vi har køyrt milevis med bilen og ikkje veit kvar vi har vore. Når ein dag liksom har blitt borte. Vi er på trance utan at vi veit det. Øv deg på å sitje still, som i ein kinosal, og observere det som skjer i hjernen når ord og bilete vert borte. Vent til du kan observere tredimensjonale former, gjerne utan farge, logikk eller meining. Ver inne i dette landskapet. Skap så ein horisont, eit svart kinolerret. Rull deg rundt anten tenkt eller fysisk, eller skift sete, anten tenkt eller fysisk. Hald oppe tråden av konsentrasjon. Vent til bilete tek til å projisere seg på den svarte duken. Utan logikk eller meining, observer berre. Det er det heile. Ingen tolking,ar, ingen svar denne gongen. Ingen jungianske eller Freudianske draumetolkingar. Det er med slike tolkingar og forventingar at vi øydelegg evna til vaken draum.


Praksis 3: imaginasjon og styrt draum

Dagleg praksis, nysgjerrigheit og ein indre vilje til å det som held deg gåande i det sjamanistiske arbeidet. Kan hende har du praktisert sjamanisme heile livet utan å setje namn på det. Etter kvart er du klar til og i stand til å ta tak i krafta di, i evnene dine til imaginasjon, tilliten til universet som kjem med erfaring og opplevingar og gjer deg i stand til å vere i tru, håp og kjærleik.


Sjamanen er magiker. ordet magi har same røter som mani. Er det noko som psykologien og samfunna våre skyr, er det maniske menneske. Dette har vorte ein merkelapp til spott og skam.


Å vere manisk er imidlertid same evna som gjer deg i stand til å vinne olympiske sigrar, konstruere ein skyskrapar eller skrive ein artikkel. Evna til å halde hinner på plass i sinnet lenge nok til å skape historier og røyndom.

Det er når vi fortrengjer denne viljen at vi vert egoistiske, avdi vi ikkje har passa på oss sjølve. Det er med ordet ego at så mykje tull har kome til. Ego finst ikkje, det er eit konstruert ord. Tenk deg oss menneske attende i tid der vi ikkje brukte ordet til å polarisere mellom snill og ikkje snill til dømes. Kjenn på den innebygde frykta for ikkje å vere snill nok.

I somme av oss er den integrert som ei ubryteleg religiøs kontrakt. Det skaper mykje vanskar når den fysiske kroppen vår prøver å passe på oss, balansere oss og gje oss kjensler slik at vi skal forstå urettferd imot oss til dømes, og somme tider handle.


Magi er evna til å visualisere, til å gå inn i materien og endre strukturen i materien. Det gjer vi ikkje med å hate, sjølv om det også er mulig. Det er den same frekvensen.

Kunnskap gjev makt i det den gjer oss i stand til å ta kloke val. Det er klokt å ikkje bli verande i hat, men det er også klokt å kjenne denne frekvensen som også eig i seg uthaldenheit, fokus og konsentrasjon. Først med å verte kjend med alle kjensler i oss, kan vi lytte til dei, bruke dei til å balansere livet vårt og ikkje bli styrte av dei.

Kjensler er ikkje sanningar, dei er berre den fysiske kroppen som kommuniserer til oss og som gjev oss reiskapar til å manøvrere.


Spirituelt arbeid i dag er veldig farga av at alt skal vere lyst, vakkert og religiøst. Dette er også ein del av sjamanen sitt univers. Vi har også tilgang inn i dei kammer som menneska og religionane og psykiatrien ikkje likar. Ved å opne opp og respektere men ikkje fylgje impulsar og kjensler som kan vere farlege eller skadelege, skaper vi tilgang og ein veg til å oppnå sjølvrespekt og kjærleik til oss sjølve -og til arven kvar og ein har valt å stå på skuldrane av.

Å lære seg imaginasjon som ein del av magisk arbeide med respekt for både den øvre, den midtre og den undre verda, er å spele på lag med universet og deg sjølv.

Hugs å sende meg ei melding om du er interessert i å vere med på kurs. Eg reknar med at eg held ei samling i februar 2023.

Bli som eit barn igjen. Imaginer verda med opne auge. Finn ein stad i naturen du likar. No legg du ein farge, eit filter, over biletet som auga dine tek inn. Bruk regnbogen som mal, og legg inn kvar av fargane. Merk kor vanskeleg det er å fokusere på ein farge samstundes som biletet auga dine ser er på. Det er no vi fantaserer samstundes som vi ser. Vi observerer også dei glidande overgangane som eksisterer mellom fargar. Og vi observerer og lærer utan ord om grenser, oppløysing av grenser og evna vår til å skape røyndom. Mirakelsinn. Anne Bjørkedal
171 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page