Kjensler er ein viktig del av verktøyet for å balansere i verda, saman med verda. Vi har vorte så vane til å gå i dialog med kjenslene våre, snakke med dei, og respektere dei. Som om dei var ein del av personlegdomen vår. Mykje av desse vanane kjem frå psykologien som har teke over førestellingane våre og historiene vi fortel, omlag slik religionane gjorde det før.
I sjamanisme og i alle fall den delen som kallar seg kjerne-sjamanisme, core-shamanism er målet ikkje å tru på noko eller å kome nærare det heilage. Alt er heilagt, og derfor kan vi tillate oss å leike med det. Stille spørsmål som i fyrste omgang kan verke, om ikkje blasfemiske, så i alle fall djupt provoserande. Som at kjensler ikkje er sanning

Rørsle gjev oss ei kjensle av glede, å vere ute av stand til å røre oss gjev oss ei kjensle av å misse fridomen, av klaustrofobi. Å gå inn i alle typar kjensler, og å sjå at rørsle også kan vere ei flukt, er korleis sjamanen nærmar seg kjensler.
Vi har jo vorte så vane til at kjenslene våre er vi, og at vi ved å snakke med kjenslene kan kome nærare dette eg.
Det vi eigentleg kan observere, er at vi i den vestlege verda, i det siste hundreåret, har vorte hårsåre, vi er stadig på jakt etter å finne oss sjølve, og i staden for å strekkje antenner ut og kjenne på kva vi tek inn, har vi teke alle antennene inn i oss sjølv, der vi sit og tek inn på nytt og på nytt, som ein rundgang, dei same kjenslene.
Dette gjer oss igjen sårbare, sidan vi ikkje har tilang til dei naturlege følarane ut i verda.
Venstre hjernehalvdel, den logiske, vert overarbeida. Vi vert kontrollerande, mistenksame, vi lek adrenalin, koplar oss på konstante kjemp eller flykt lager i hjernen.
Resultatet er ofte stoffskifte-sjukdomar, auto-immune sjukdomar, smerter og psykiske knutar.
Stress.
Det er nemleg slik at dersom vi ikkje naturleg er påkopla verda og alt omkring oss, vil kroppen lage følarar likevel. Den er jo her for å hjelpe oss. Og desse ekstra følarane er dei vi elles bruker i stressande situasjonar.
Å ta attende nettverket, å ta attende kjensleapparatet innad og utad, å kople oss på det felles kommunikasjonsnettet og likevel kjenne att det som tilhøyrer vårt eige nervesystem, vårt eige kjensle-apparat, alt det som er sett der til å beskytte oss medan vi også er del av ein større kropp, den felles kroppen.
Dette er det som kan gjere oss heile.
I religionane har vi lært oss å skilje mellom gode og dårlege kjensler.
Og etter religionane, i vår nye mediefiserte tid, har dette utarta til ekstrem dyrking av ego samstundes som vi er imot ego.
Ego er også berre eit ord, også det frå psykologien.
Freud, Jung og den mindre kjende Sándor Ferenczi alle desse første pionerane, gjorde alle banebrytande arbeid, men det har liksom stoppa opp som sanningar i vitskapen sin trang til dokumentasjon og kjelder, og vi har slutta nettopp å forske. Vi har forska med dei som røter, som ei universell sanning, som at psykologi er det som desse sa, utan at det på noko vis var slik dei tenkte det.

Freud framme til venstre, Jung framme til høgre og Ferenz Sandor bak til høgre.
Alle religionar snakkar om lys og mørke. Og mørke er i beste fall ein ugjennomtrengeleg del der vi ikkje har medvit.
I mørket lever demonar, det er kvinna som føder, det er moder jord, det er hat, sjalusi, overtru og sjamanisme.
La oss med ein gong slå hol på enno ei myte, den at der finst noko umedvite.
For sjamanen er der ikkje nokon stad i universet der vi ikkje har tilgang, men vi er heller ikkje grådige og går inn med nysgjerrigheit om vi ikkje har ei kjensle av at der er noko å hente som vi kan gjere oss nytte av.
Vi går ikkje i skogen på tur, vi går der for å sanke eller for å snakke med trea eller for å finne vegar.
Det å vere til nytte er eit ord som gjev oss hormonell glede, avdi det er ein del av biologien vår.
Kva er så kjensler?
Kjensler er impulsar via nervesystemet vårt som kommuniserer korvidt vi er der vi skal eller om vi må bevege oss eller handle.
Kjensler kan brukast, omtrent som radiokanalar, til å kommunisere med ulike intelligensar omkring oss og i oss.
Det er heller ikkje slik at der er sju eller åtte eller tolv kjensler slik vi organiserer kroppen vår eller fargane i regnbogen.
Dersom vi verkeleg tek til å forske i kjenslene kan vi kome i kontakt med eit språk så subtilt, så intelligent at vi kan ta i bruk større deler av oss sjølve.
På same måte som eksimoen eig eller i alle fall har tilgang til fire hundre ord for snø eller det faktisk er uråd å skilje kvar raudt sluttar og oransje tek til i regnbogen avdi det vi kallar grenser eller lag berre er korleis hjernen vår sorterer det vi kallar røyndom, på same vis er der ikkje verkelege grenser i det vi kallar kjensler.
Kjensler er berre å vere i kommunikasjon.
Dei er eit språk. På same vis som språk berre er tolking er også kjensler det same.
I buddhismen lærer vi oss at der finst fem tattva som vi skal halde oss unna og unngå.
Dette er vel og bra, sidan vanskelege kjensler og impulsar, om vi fyl dei utan medvit og kunnskap, kan føre til mykje skade.
Det er også eit poeng at det som kjennest ut som ei sann og ekte kjensle for oss, eller klanen vår, kan vere direkte skadeleg for andre. Religionane er gode om enn ofte triste eksempel på dette.
La oss derfor ikkje skyve ubehagelege kjensler under teppet og la demonar gro opp under overflata, der nede som vi trudde vi ikkje hadde medvit.
La oss vere med inn i røtene, inn i trådane men ikkje la oss styre av ei kjensle, ikkje sjå på den som sanning, men berre ein vegvisar.
Dei vanskelege kjenslene
La oss ta den vanskelegaste.
Hat.
Ein stor sekk, og vi skal ikkje ta til å sortere den inn i undergrupper enno. Sidan vi erfarer verda i frekvensar som høyrer til i ei gruppe, innordnar desse seg i den same gruppa. Medvitet vårt skaper verda. Dette er kvantefysikk, men også sjamanisme. Sjamanen var og er den fyrste vitskapsmannen.
Vi veit alle kva hat fører til.
Og vi ser kva kjærleik fører til.
Vi observerer like fullt at hatet får innmarsj.
Kvifor?
Det er logisk, det er jo ein del av fysiologien vår, og det er ei av dei skarpe reiskapane som kan gjere mykje skade eller kreere ein bygning.
Det er evna vår til å skyve unna, det er evna vår til å halde fast.
Det er evna vår til å fokusere.
Det er evna vår til å setje oss sjølve fremst med adrenalin.
Hat er som ein fiskekrok som får ønska våre til å bli sanningar.
Hat er den same fiskekropen vi kastar ut når vi i frykt tryglar Gud om hjelp. Og får hjelp.
Hat er evna vår til å få draumar til å bli sanne, evna vår til magi, til å bli maniske eller psykotiske, til å skape bobler av sanning som ikkje brest. Det er det same romet i hjernen vår vi er inne i, den same frekvensen vi er på, når vi skaper ein skyskrapar.
Staheit, fokus, skylappar og dersom vi er styrte av ein trussel mot den vi er, hat mot denne trusselen. Å kjenne seg sjølv og å kjenne seg sjølv i samspel er det som kan lære oss å ikkje bli styrte av kjensler men å bruke dei konstruktivt.
Vi står kvar og ein på skuldrane til forfedrane og vi ber med oss eit kretskort av kjensler frå fødselen av.
Det å skulle arbeide seg inn i denne QR koden som ikkje alltid er basert på våre eigne erfaringar og traumer eingong, er tøffe tak
Vi snublar altfor ofte, fell gjennom, men nokre greier å transcendere og å bli ekte magikarar med å våge å opplyse dei gangane også nedover i kroppen, på låge frekvensar, dei som var fortrengde og som levde i mørke.
Sjamanen er ein som kjenner vegen, vegane.
Sjamanen er ein som kan gå på låge frekvensar, oppheve sjelekontrakter, for seg sjølv og andre.
Korleis skal vi så trene oss opp til å bruke kjenslene som meir og meir utvida og fininnstilte reiskap til å vere til i eigen kropp og i den store kroppen vi kallar verda og universet?
Der er så mange avslitne nervetrådar, så mange ord og forestillingar før vi kan lære oss å bruke heile systemet på nytt.
Forskarar har prova at menneskehjernen har vorte lettare dei siste 3000 åra. Det er kan hende avdi vi har kutta ut kjensler og berre er på den mentale delen. I denne artikkelen er ein også inne på teorien om at vi utnyttar kvarandre sine ressusar i stabile samfunn, spesialiserer oss og derfor ikkje treng å bruke deler av hjernen som før var viktige.
Vi skal ikkje gjere om verda eller bli perfekte.
Det er greitt at vi berre testar og prøver litt.
Vi kan ikkje måle som Leonardo da Vinci første gangen vi tek i ein pensel, men å ha kjensler og å starte å bruke dei som ein reiskap er det same som når vi dyppar ein pensel i ein farge vi vel og lagar eit strøk på lerretet, så to, og gradvis vert det til noko.
Noko vi kan observere. Noko vi kan kommunisere.

Leonardo da Vinci. Genial, og frå eit tid der vitskapen enno ikkje var fokusert til eitt bestemt emne.

Vincent van Gogh. Genial og frå ei tid der psykoanalysen og fokus er synonymt med vitskap
Somme, slik Mozart laga musikk då han var tre, er så innstilte på denne medfødde hukommelsen at dei er det vi kallar geniale i sitt felt. Vi har alle minne frå noko, og vi kan trene opp kva minne vi vil. Der preferansane våre går, kallar vi talent.
Somme er så talentfulle i eit felt at dei ikkje kan la vere å bruke dette feltet, det er då vi seier nokon har eit kall.
Dei er ikkje annleis enn vi andre. Der trengst alle slag celler i ein organisme, frå hudceller til cellene meint å vere på hornhinna i eit auge.
Nokon kan skiftast omkring, nokon kan berre denne eine tingen.
Er du fødd med sterke empatiske evner, kan det like gjerne vere at du er fødd med slekta sine minne om hudlaus smerte. Empati er ei utvida medvit, men i dag er det ofte slik at vi også arvar eit svakt elektrisk felt som gjer oss ekstra sensitive og kjenslevare.
Å byggje opp dette elektriske feltet omkring kroppen vår, gjer at informasjonen går saktare gjennom auraen og vi kan rekke å obsevere kva vi tek inn. Der er mange teknikkar, nett slik der er mange vegar til Rom. Kundalini Yoga er ein av teknikkane som gjer at informasjonen som er meint å passere gjennom sentralnervesystemet, fungerer optimalt. Kundalini Yoga fokuserer på ryggrada, og å halde opne kanalar som elles lett vert gjort svakare ( for å beskytte oss i augneblinken, i eit traume for eksempel) , og deretter er vanskelege å opne att. Elles er det slik at det vert for mykje informasjon og kroppen senkar farta mellom hovud og kropp for at vi ikkje skal eksplodere.
Dette gjev seg til dømes utslag i nakke, kjeve, stoffskifte, thyroide og i hypofysen.
Øvingar for å kome i kontakt med kjenslene dine, går ikkje ut på å snakke med kjenslene.
Ein ny måte å nærme seg kjensler på
Sjå for deg kjenslene som trassige ungar som kvar er sett til å påsse på sitt. Dei ropar og skrik, og vi snakkar med dei og pleiar dei og vi blir heilt utmatta. Og den som må halde styr på dei er venstre hjernehalvdel, den logiske, den som pr¨øver å skape harmoni, samhald. Venstre hjernehalvdel er den strategiske, matematiske og systematiske. Vi tek til å meditere, og denne delen av hjernen vår får vite at den no er i vegen, den tenkjer for mykje, er altfor engsteleg osv.
Dette er den delen som har halde oss oppe og prøvd å vere psykologen vår fordi vi har trudd det var nødvendig.
Å øve opp og å bli kjende med oss sjølve med å synkronisere høgre venstre hjernehalvdel, å trene vagusnerven, å praktisere det som blir kalla yoga nidra (yoga renn ut av sjamanistisk praksis) og å gjere øvingar frå såkalla martial arts som dei Mantak Chia presenterer som det indre smil og som får opp medvitet og farten på spinalvæska er det som er godt.
Og å tillate oss at kroppen treng lenger tid enn hovudet og draumekroppen på å rense ut gamle skal, ledningar og nettverk.
Når vi går inn i kroppen er det ofte at vi set i gang reaksjonar.
Å følgje desse som sanningar er direkte skadeleg.
Etter kvart skal vi likevel ta til å lære oss å fylgje det vi kallar kjensler til å bli vegvisarar.
Stifinnaren, ein meditasjon
Eit eksempel er å bruke nasen til å finne vegen.
Nasen er kopla til magefølelsen. I yogisk terminologi som er den som verkeleg har satt ord og system på sjamanistisk kunnskap, vert dette kalla ida og pingali sin veg frå harachakraet til nasen.
I gresk mytologi er dette symbolisert som medisinslangen Hermes.
Vi kan berre konstatere at der er vegar som slyngar seg omkring den beine vegen opp gjennom ryggrada.

Også i kabbalah er dette synleg i det som kallast livets tre med dei tra pillarane, og ei av den hemmelege innsiktene er at livets tre ikkje er flatt men slyngar seg som ein dna spiral og gjentek seg sjølv på nytt og på nytt, men dette er djupt inne i esoterikken.
Sjamanisme er praktisk og utan dei store historiene.
Vi merkar til dømes at der er ei kopling mellom nasen og magen, og vi testar ut korleis det verkar og finn vegar og metodar så vi kan gjenta det.
På eit kurs eg hadde var det ein sjømann som fekk øvinga med å gå i mørket og leite etter stiar med å følge høgre eller venster nasebor, det som opna seg når han snuste. Det er ikkje det vi kallar lukt vi snuser etter, det er meir utvida inforamsjon som altså slyngar seg to og ein halv gong oppover og nedover slik at høgre fot er kopla til venstre nasebor og omvendt. Og denne mannen fann att noko i seg sjølv, han var frå før ein dei brukte til å "lukte fisk" på havsens botn. No gjekk han i gang med å vandre med augene totalt lukka og han gjekk kilometervis i skogen på dette viset. Slik kan nok ikje dei fleiste av oss gjere det, men vi eig alle ressursar innafor alt.
Start med å innsjå at livet ikkje er høgre eller venstre, y kryss, skjebnekart som seier at den eine vegen er feil eller den andre rett.
Det er slik at vala våre får konsekvensar, men det er også slik at vala våre ikkje er stega våre men dei djupe vala inne i ryggrada, og så blir stega som i ein dans skapte omkring desse røtene. Og det er denne vissa som gjer at vi kan vandre omkring og vite at det ikkje er beslutningar som avgjer, men korleis det ser ut inne i spinalvæska vår og i sentralnervesystemet vårt og i kommunikasjonsvegane i kroppen vår.
Comments