top of page

5 tips for sjølvhealing

Oppdatert: 5. nov. 2022

All healing er sjølvhealing. Naturen og kroppen healer seg sjølv. Like fullt er vi utstyrte med medvit. Dette gjev oss både eit ansvar for eige liv, og ei muligheit til å utvikle oss gjennom livet. Med kjensler og med erfaringar. Å ikkje berre apatisk finne oss i livet og det vi kallar skjebne, sjølv om vi respekterer regelverket.




Vi ufører sjølvhealing i kvar pust, i kvar informasjon som går gjennom kroppen. 22 millionar impulsar seier vitskapen at kroppen vår sender hit og dit i løpet av eitt sekund. Ein veltrena yogi greier å gje observasjon til 7 impulsar i sekundet. Dei fleste av oss går omkring i ein slag trance mesteparten av tida og greier knapt ein observasjon i sekundet. Korleis skal då den stakkars fornuften vår, venstre hjernehalvdel, den logiske, greie å halde styr på dette systemet?

"Det umedvitne (underbevisstheten på bokmål og psykologispråk) er ikkje ein stad vi ikkje kan gå til. Kunsten å ta medvitet med dit der ord og bilete enno ikkje er skapte, det er det naturleg menneskelege. La oss stryke ut ordet umedvite. Medvit er meir enn ord og bilete. På denne måten kan vi igjen få tilgang inn i draumekroppen vår"

Sjamanisme eig i seg minna om korleis vi kan bruke kroppen vår medivtet og universet i lag til å få orden på denne skarpe "Black&Deckeren" som er medvitet vårt.


5 langsomme tips

1. Pust. Observer pusten, lær deg pusteøvingar. Du blir pusta. Yoga Nidra, Wim Hof. Det spelar inga rolle kvar du startar, pusten er der, å bli kjent med dette som er både verkeleg og uverkeleg slik alt er det fordi vi deler verda inn i det vi kan sjå og ikkje. Luft er både synleg og usynleg. Grunnstoff og prana på ein gong. Vi pustar anten vi er medvitne eller ikkje. Vi er pusta.


2. Kroppen din vil deg alltid det beste. Smerte er ledningsnettet som prøver å snakke, sjukdom er informasjon som har kapsla seg inne avdi den er for vanskeleg å setje observasjon på. Meditasjonsøvingar, igjen Yoga Nidra som ikkje er anna enn rein kjerne-sjamanisme. Dans, taichi. Spa eller dyr parfyme. Kroppen er eit tempel. Ære kroppen din kvar dag. I kvar pust.


3 Rørsle. Alt er endring. Alt er kaleidoskopisk. Livet treng likevel det statiske for å observere. Fryse farta åt universet. Det er det menneskelege og biologien. Men rørsle er likevel det som held kroppen levande. Reis, la vinden blåse gjennom kroppen din, dans, våg, lag visjonar og draumar.


4. Ro. Kvile. Stoppe opp. Utføre ingen ting, forvente ingen ting. Det er her vi hentar energi. Laddar opp. Rekonvalesens. Dagleg trekkje seg tilbake. Kontemplasjon. Med hard hand skape desse romma der vi ikkje "slår i hel tid", "multi-taskar" i farta, blir underhalden eller inspirert eller fyller den tome bokreolen i oss med erfaringar. Berre stoppe opp, tømme ut for å gje plass til rørslene. Det nye.


5. Respekter kjensler. Kjensler er ikkje sanne. Dei er heller ikkje usanne. Dei er som fargane i regnbogen. Dei balanserer oss. Dei gjev oss informasjon når vi manglar noko og når vi har for mykje av noko. Der finst ikkje gode eller vonde kjensler. Det er korleis vi bruker dei som skaper resultat - og som også kan vere farlege. Kjensla av hat er den same som sjamanen bruker til å mane eller den maniske til å gå i psykose. Den er same frekvensen som ein entrepenør bruker for å skape ein skyskrapar.

Å framelske nokon kjensler og undertrykkje andre, er det som skaper demonar i oss og i verda. Respekter kjenslene, dei er ein del av det endokrine systemet vårt og det nervøse systemet i kroppen. Dei er her for å hjelpe oss. Nokre kjensler er der for å rettleie oss, det er dei som skaper lykkehormonar, men det er ikkje lukka som er målet, den er der for å minne oss på at vi er på vegen vår. Snakk med kjenslene dine, men ikkje fyl dei slavisk eller impulsivt. Snakk med kjenslene dine, lær av dei, dei er hjelparane dine, ikkje sjefen din.









40 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page