top of page

Healing

Forfatterens bilde: Anne BjørkedalAnne Bjørkedal

Oppdatert: 5. nov. 2022


Å gjere heil. Heal kjem frå det norrøne og norske heil. Og sjølv om ordet har vorte misbrukt, det verste tilfellet vi kjenner til er vel Hitler sin bruk av ordet, er det ofte i orda at vi finn gløymde tydingar.




Vi er ein del av ein heilskap. Vi er som celler på ein større kropp. Å kjenne att oss sjølve skilt frå dei andre cellene, og dermed kunne verke som celle i noko større. Når kroppen vår hugsar blåkopien av kven vi er. Når naturen fortel oss at vi er eit sandkorn og at vi kjenner at dette sandkornet, denne dråpen i havet, det er oss, då er vi kan hende det heile, alt.

“Ordet ego har forgifta tankane våre på eit vis, sjølv om det kan vere nyttig innafor psykiatrien. Det er jo også berre eit ord. Ikkje meir sant eller rett enn andre ord. Og dersom vi heile tida skal kjempe for egoet vårt eller imot det, blir vi aldri heile, verken i oss sjølve eller i alt.”

Healing er like naturleg som at havet hentar seg sjølv attende til si form, at treet blir gjenskapt i si form og hugsar si form. Vi er og ei form, kroppen vår er ein behaldar for draumekroppen vår. På same måte som vi har høgre og venstre hand, høgre og venstre hjernehalvdel, er draumekroppen og den fysiske kroppen eitt. Er vår kropp og alt eitt. Det er ved å gå inn i denne heilskapen og samstundes det separerte, at healing kan finne stad.


Healeren er berre ein som kommuniserer

Vi er ingen ei øy åleine. Heller ikkje healeren. All healing foregår innafor kvar enkelt. Healeren er berre ein som held lommelykta. Healing er å setje straum, lys, observasjon på noko utan at ein pressar seg sjølv inn i den andre sitt felt, den andre sine ord og sine bilete.

Healing foregår nede der ord og bilete enno ikkje er skapte.

Og samtundes treng vi kvarandre for å setje friksjon, medvit, elektrisitet inn i dei felta vi ikkje sjølve har tilgang til.

La oss lære å ikkje misbruke den makta som samfunnet og religionane har gjeve til menneske med det vi kallar overnaturlege evne. La oss heller prøve å avmystifisere og gjere healing til det mest daglegdagse som finst og likevel det mest heilage - kommunikasjon og kjærleik.


".....elles blir også healing berre meiningslaust. Gud treng ikkje healeren for å gjere arbeidet for seg. Gud lærer oss menneske å forstå betre ved menneskemøta. Healeren er berre ein som er meir enn vanleg nysgjerrig, sjølvoppteken og har teke på seg den største ryggsekken med traumer for å lære".


33 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

תגובות


Mail: meditasjon@healeranne.com

Telefon: 0047 90701303

Langelandsveien 51, MOA Amfi, Ålesund

amfi.png

La oss knyte kontakt

Få nytt tips til healing kvar veke

Her kan du tinge time eller sende ei melding. Du vil også motta nyheitsbrev

Takk for innsendinga di!

© 2022 by Sjamanpust

  • LinkedIn
  • Facebook
  • Instagram
  • YouTube
bottom of page