top of page

Labyrinten i oss

Oppdatert: 11. nov. 2022

I alle kulturar, til alle tider. Labyrinten har støtt fascinert menneska. Bak fascinasjonen ligg visdomen om kor viktig det er å arbeide med labyrinten som treningsapparat for hjernen.


I sjamanisme er det viktig at ting fungerer. At ei øving kan gjentakast og at ein likevel oppnår same resultat.


Labyrinten og bruken av meditasjonar der vi går oss vill, gjer tilsynelatande det motsette. Labyrinten øydelegg forestillingar vi har. Den temmer kontrollbehovet åt venstre hjernehalvdel og gjer at den må ta til å stole på visdomen som ligg djupare, som innebygd retningssans bortanfor fornuft. Det fungerer, avdi den logiske vaktaren vår vågar å gje slepp avdi når vi oppdagar at labyrinten er eit system. Den er trygg. Matematikk kjennest alltid trygt ut for oss mennesske, kaos kjennest ikkje like trygt ut for dei fleste av oss.


Labyrinten og matematikken i naturen


Det er lett å gløyme at matematikk ikkje berre er logikk, rektangel og formlar. Kvantefysikk -og matematikk legg inn sinuskurver, det uvisse og det foranderlege som faste størrelsar.

Bruken av labyrinten er ein måte vi har gløymt eller i alle fall ikkje forska på, til å skrelle inn til blåkopien, koblingsskjemaet, det opprinnelege.


Djupt inne i øyret vårt finst ein labyrint. Når vi held ein konkylie til øyret, høyrer vi havet bruse.

Kroppen vår er eit mysterium og ein av vegane inn til naturen, skapt av naturen til å erfare naturen, Gjennom lydbølgjer, frekvensar og korleis vi oppfattar og er del av noko.

I sjamanismen finst gløymde snarvegar inn til visdomen. Og den som kjenner visdomen, kan utnytte den til å gjere det vi kallar både godt eller vondt. For det meste er kva som er godt eller vondt eit spørsmål om augene som ser. Like fullt er naturen harmoni, den er god, å kjenne dei innerste vegane og kodane er sjamanen sin jobb.


Språket vårt er labyrintisk, vi tenkjer labyrintisk.

Forfattar som Borges og Joyce har teke denne granskinga til ei kunstform vi som lesarar kjenner att, men ikkje heilt veit kva som skjer i oss når vi les dei. Dei snakkar i sirklar, med gåter inne i gåter, ord som trekkjer til seg nye meiningar og merkelege innsikter, draumeliknande sekvensar og faste spikra sanningar. Nett slik hjernen vår jobbar.

I kabbalah er det ein av dei skjulte læremåtane at meisteren skal snakke i sirklar for at lærdomen skal bli forstått på eit djupare plan av studenten. Det å bryte forestillingar på ein trygg måte er visdomen i vi kan få med oss frå det labyrintiske.


Det er menneskeleg å berre sjå si eiga boble, sin eigen klan. Det er eit stort ansvar å brigde naturen til eiga nytte. Religionane gjer det, tenk berre på tempelriddarane. I sjamanisme er det også vanleg, med ganning, motu, deler av woodoo - der ein misbruker makta over materien i staden for å spele på lag med den. Det er viktig å forstå slik at vi kan ta ansvar, å lære slik at vi kan gjere verda og liva våre betre med sjamanistiske teknikkar og rikdomen vi har fått i arv.


Tarrogona sin gamle festningsby. I Spania er mange av desse festningsbyane ved kysten skapte på ein spektakulær måte. Kan hende har du opplevd å gå deg vill i gatene i Tarragona eller Cadiz eller du kjenner liknande "sjørøvarbyar".
Saman med ein annan sjamanistisk utøvar, køyrde eg omkring i Andalusia for mange tiår sidan. I hamnebyen Cadiz gjekk vi oss så ekstremt ville sjølv om det er ein ganske liten by. Vi brukte to heile dagar på å vandre på leiting etter retning. Fyrste natta var vi ikkje inne att på herberget før klokka fire om natta, og vi tok til å leite klokka ni om kvelden. Det var i denne surrealistiske og ganske hypnagoge fortvilelsen og forvillelsen at vi tok til å forstå noko.
- Ser du, sa Anneli, det er berre optiske bedrag, heile byen. Vi brukte neste dag til å prøve å finne ut korleis byen verkeleg var bygd, og vi vart imponerte sjølv om vi aldri vart kjende i byen eller forstod nokon logikk. Nettopp fordi der ikkje fanst nokon "normal" logikk.
No er det verd å merke seg at vi begge var vane med å meditere og å bevege oss på det ein kallar den lågare verda. Og like fullt vart vi meir forvilla enn dei fleste. Kanskje er det slik at menneske som er ekstra sensitive og ekstra intuitive faktisk er meir kontrollerande enn dei fleste. Eg har hatt mine mistankar lenge. Vi er så oppsette på å få kontroll avdi vi støtt misser den. Cadiz var som å vandre i eit landskap av Kafka.

Tarragona

I haust var eg tre dagar i Tarragona, ein gammal festningsby på Costa Dorada. Den fyrste dagen kjende eg at forvillelsen frå Cadiz. Google maps var som ei kompassnål på den magnetiske nordpolen, og hovudet mitt var verre. Forsiktig bevega eg meg derfor omkring den fyrste dagen. Eg registrerte den same byggjemåten. Dei runda hjørna på hus i gater som tilsynelatande var rette, gatehjørner som var vinkelrette med berre nokre graders forskyvingar, vegger som skrånar innover eller utover umerkeleg for auget som er vant til orden, retningar og matematikk. Men denne gongen brukte eg ikkje synet så mykje kan hende, for eg vart kjend i byen ufatteleg raskt.
Kan hende har eg utvikla meg på desse tredve åra etter Cadiz. Kan hende er Tarragona likevel ein enklare by, kan hende er der likevel litt hjelp i Google maps, eller kan hende er det slik at tilstanden vår frå dag til dag endrar seg. Kan hende er eg ikkje så lett å fascinere lenger heller, slik at adrenalinet og opplevingslysta ikkje var så sterk som i Cadiz.
Festningsbyane bygd som labyrintar er nemleg geniale for å riste av seg forfølgjarar for den som er kjend i byen. Dette var kanskje den viktigaste grunnen, den og at framande ikkje skulle kunne ta over sjølv om dei kom seg inn.
Det er litt leitt å tenkje på at det kan vere den blaserte meg som gjorde at eg berre andre dagen vandra omkring i Tarragona omtrent som ein innfødd. Vi skal nemleg behalde litt adrenalin i livet, og eg vil øve den opp på lyst og nysgjerrigheit og samstundes tillate meg i min blaserte alder å la dei gamle neuroplastiske vegane mine som hentar inn kjemp -og flykt responsar få lov å bli litt utviska. Om Gud vil.

Labyrinten som meditsasjonsinstrument

Å vandre i ein labyrint, å trekkje opp vegane og prøve å finne inn til ein veg, ein logikk, å oppsøkje heilage kraftstader med labyrintar. Å samle ulike labyrintar og samanlikne dei.

I Kabbalah og i Hindu religionane er labyrinten matematisk gjort til djupe meditasjonsinstrument.






Meditasjon - labyrinten

Meditasjon der du bruker labyrinten til å synkronisere høgre og venstre hjernehalvdel. Gje slepp, pulverisere gamle overlevingsmekanismer og kome i kontakt med den opprinnelege blåkopien:

Som alltid i meditasjon er det best å finne ein stad der du kan vere uforstyrra, og å setje av tid. Gjer førebuingar slik at du har det trygt, komfortabelt og fortel deg sjølv også at du er i ei sone som berre tilhøyrer deg sjølv. Start med pusteøvingar. For eksempel ved å telje sju innpust, halde to, og puste ut medan du tel til åtte. Sjå for deg pusten som linjer. Og når du har slept ut pusten, tillat deg å falle ned i eit slags limbo før du merkar du blir pusta inn att. Fokuser berre på å telje, å opbservere pusten og å vere til.
Etter kvart ser du for deg ei opning, omtrent som eit rør. Fortel den logiske og litt lettskremde delen av deg sjølv at dette er ein tenkt labyrint og at du vil kunne oppløyse veggene i den med krysse armane over brystet. Sit eller ligg no rett med armane ned langs sida av kroppen.
Tenk deg at du kryp inn i røret, og etter kvart greier å stå oppreist inn i røret. Tenk også at det er litt glatt og litt vanskeleg å fote seg, og at røret går i alle retningar, oppover og nedover. I byrjinga er det vanskeleg å halde fast på forestillinga om veggene her og at du skal vere inne i den. Kunsten er ikkje å kome ut av meditasjonen, men å greie å vere i den. Øving gjer meister. Her er forresten ingen ting du skal finne eller kome til ( utan om det skulle skje at labyrinten fører deg inn i merkelege og draumeliknande landskap, då observerer du berre.) Målet er å trene opp hjernen og å gjere den meir systematisk på ein god måte, harmonisk og i pakt med universet.







25 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page