Sjamanisme er ingen religion
Oppdatert: 5. nov. 2022
Sjamanisme er eit ord som vekkjer avsky, beundring, nysgjerrigheit og assosiasjonar til både det vi kallar maktmenneske, naturmenneske og åndelege menneske. Det einaste som kan seiast sikkert, er at menneske, naturen og sjamanisme kling saman og spelar på same lag.

Til alle tider, i alle kulturar, finn vi spor av og bruk av det vi kallar sjamanisme og sjamanistiske teknikkar. Men sjamanisme er ingen religion. Sjamanisme er heller ikkje folkloren eller levereglane og sædvanen til eit einskilt urfolk. Der finst ingen rette svar eller reglar i sjamanismen, slik det gjer i religionane.
Opprinneleg sjamanisme finst ikkje
Sjamanisme er eit ord som stammar frå Tungus-folket i Sibir. Ein sjaman, saman, er ein som veit. Slike vismenn og kvinner finst i alle kulturar til alle tider og har vorte kalla hekser, heksedoktorar, vismenn og trollmenn.
Alle såkalla primitive samfunn har sine ord for sjamanen. I samisk tradisjon er namnet noaide, og i det gamle norrøne har vi seidmenn -og kvinner. Sjamanisme stammar frå den tid vi var jegerar og samlarar.
Sjamanisme er praktisk
Dei seier at sjamanen er den fyrste vitskapsmannen. Sjamanisme er slik sosialantropoogar definerer det i alle fall 30 000 år. Menneskehjernen har ikkje endra seg nemneverdig på denne tida, anna enn at den har vorte mindre. Men omgjevnadene har sanneleg vore i endring.
Studiet av sjamanistiske kulturar blant jegerar og samlarar, og sjamanistisk praksis blant urfolk vaks fram for fullt blant sosialantropologar, religionsforskarar og antropologar frå 70-talet. Inspirert av Mircea Eliade sine studiar, og spesielt boka Sjamanisme som fyrst kom ut i Frankrike i 1951, vart sjamanisme eit motestudium.
Michael Harner og Felicitas Goodman er begge eksempel på sosialantropologar og professorar som har gått frå å studere sjamanisme frå utsida til å bli aktive utøvarar av sjamanistisk praksis.
Du kan studere arbeida deira og det som har vakse fram i kjølvatnet ved å fylgje institutta deira.
The Foundation for Shamanic Studies og Cuyamungue Institute
Core Shamanism- kjernesjamanisme
Studiet av sjamanisme frå det vi kallar ein vitskapleg vinkling, gjorde at ein kunne skrelle bort mykje av staffasjen og folkloren. Då sat ein att med teknikkar, visom og såkalla mystiske opplevingar og vegar til trance og kommunikasjon bortanfor det vi vanlegvis kallar språk. Utvida medvit som ein elles opplever i rus. Svar på spørsmål som ein ikkje kan forklare og djup healing finn stad i arbeidet med sjamanistiske teknikkar
Sjamanen er like fullt berre ein praktisk arbeidar

Detalj, Kvernes Stavkyrkje. Medisinhjulet, solkorset, korset. Religionane står på skuldrane av sjamanistisk viten. Foto: Anne Bjørkedal
Sjamanisme er fleksibilitet, religionar er visdomen sett i system
I motsetnad til religionane, er det ikkje kontakten med Gud som er målet, men korleis denne kontakten kan gje svar på daglegdagse spørsmål og hjelpe klanen å overleve.
I dette arbeidet stig det fram visdomen om kommunikasjon.
Avdi ein kommuniserer med alt, er frekvensar så viktige, straum, og kunnskapen om at alt er samanbunde.
Det er også slik sjamanen alltid har forstått verda. Orda våre for frekvensar, straum, grunnstoff, sjel, prana, alt er praktiske observasjonar sjamanar har gjort seg alt etter kva kunnskap ein har hatt bruk for for sin klan, i si tid, på sin stad. Når menneska vart bufaste, skapte vi institusjonar og religionar. Rollene var meir faste. Medan alle utøver sjamanisme i eit sjamanistisk samfunn, er der likevel ein som tek på seg hovudansvaret avdi han eller ho høver best til det. I religionane vert avstanden mellom den utvalde og medlemmene stadig større, avdi prestane vert nærare Gud. Dette er starten på hierarkiske eller føydale samfunn.
Det naturlege demokrati
I sjamanismen er alle alltid like, alle må kunne alt i ein klan, men ein gjer alle det ein er flinkast til. som hovudregel. Sjølv om ein er flink til å koke, gjer ikkje det at ingen andre gjer det same. Arbeidsfordeling er livsviktig for menneske som lever saman i flate strukturar. Som vandrarar og som flokk. Ein er alle leiarar på sine felt. Her kjem dei fyrste krigane mellom sjamanen og presten til syne når ein vert bufaste. Makt er eit ansvar, kraft er ein personleg eigedom. . På engelsk er der berre eitt ord, power. I dette ligg mange misforståingar og røter til strid.
Det er også verd å nemne at mange samfunn av vandrarar er djupt hierarkiske. Dette har nok utvikla seg frå kontakten med bufaste samfunn, og evnene til å vere flink i forhold til kommunikasjonen med desse på godt og vondt. Sigøynerkongar og sigøynerslavar er dessverre eit eksempel på dette siste. Også i mange stammesamfunn i Afrika viser den same brytninga seg i overgangen eller møta med nomadiske og bufaste samfunn.